Startsida Snikkarbuda Ørstaveiret Fotogalleri Gjestebok Webkamera Om oss / Kontakt
Spikka og pussa Til sals Om Snikkarbuda

Spikka og pussa

Dette er den opplagde skrytesida vår. Prøver her å legge ut bilder av litt av det vi har spikka og pussa på i snikkarbuda.

Med andre ord: Sida inneheld nok berre 'ekte heimespikka sjølvskryt', men kan kanskje vere til inspirasjon også for andre som har sansen for spikking, pussing og grundig fin-tenking saman med ein god kaffe. (Klikk på bilda for å sjå større versjon.)



Bilderamme

Bilderamme laga av material teke frå ein gamal kassert sofa. Bildet er frå Laksfors.

Bokhylle

Ei bokhylle vi laga i 2007. Her har vi nytta 18mm hobbyplater.

Lysestake

Lysestake dreia av sur bjørk.

Lampe

Lampe av sur bjørk som vi vart veldig fornøgd med!

Trappekasse

Trappekasse: Ein svært uvanleg men morsom pyntegjenstand.

Bilderamme

Bilderamme her laga av profilert listverk. Det virka det også!

Passer

I mangel på stor nok passar når vi skulle lage seng, var det berre å spikke i vei!

Spark

Ein sjuk sparkstøtting måtte ha nytt ror!

Slede

Dette var den første av etter kvart mange sleder vi har spikka og pussa.

Lampe

Lampefot dreia av sur bjørk.

lampe2

Ny lampefot.

Lysestake

Lampefot og lysestake i sur bjørk.

Traktorsenga1

Traktorsenga klar for maling!

Traktorsenga2

Her var senga mala!

Kjelke

Og her var senga klar for innflytting!

Blomsterkasser1

Dei første blomsterkassene vi spikka.

Blomsterkasser2

Detalj på blomsterkasse.

Blomsterkasser3

Laga av 28mm impregnert material.

Uteplassen

Levegg og blomsterbed til uteplassen vår.

Rekkverk

Her har vi spikka klart ca 20 m. rekkverk til ein altan.

Sleder

Eit par behandla sleder.

Store sleder

To litt større sleder berekna til større nisser...

Taklist

Å lage ei bua taklist med profil tilsvarande kjøpte taklister, jau det var ei utfordring!

Vugge

Dukkevugge.

Kjelke

Her har nissen fått nytt leiketøy. Eller er det reserve for Rudolf?

Kjelker

Nokre kjelker ferdig behandla i kirsebær og lakk.

Vinhuset

Vinhuset.

Leikebord

Leikebord til ein liten pode! Han vart fornøgd han, ja!

Kjokkenskap

Underskap med dørspeil for tilpassing av kjøkkeninnreiing.

Dukkeskap

Transports-, utstillings- og oppbevaringsskap for porselensdukker

Tallerkenbokhylle

Bokhylle inspirert av tallerkenhylle.

Rastebenker

Rastebenker som burde tåle det meste!

Vinduslister

Utvendige vinduslister. Gir flott fasade desse!

Bord_til_korg

Av alle underlige ting skulle vi no lage eit stillas til ei korg, egna for ein krabat venta til verda i løpet av året!



Fleire bilete vert lagt til seinare!




Uten ansvar for innhald fra eksterne kilder og innhald i eksterne linker. Og du! Husk at du aldri må ta viktige beslutninger basert på informasjon fra internett!
Alle rettigheter for innhold, data fra værstasjon, bilder, logo og webdesign © 2008-2015 Arnfinn A. Andersen