Startsida Snikkarbuda Ørstaveiret Fotogalleri Gjestebok Webkamera Om oss / Kontakt
Kontakt-info Om heimesidene

Om oss...

Bur i Ørsta på Sunnmøre, ei kommune med vel 10.000 innbyggarar. Kommuna er meir eller mindre kjend med bakgrunn i industri, Ivar Aasen og ikkje minst naturen. Sjekk gjerne 'Sunnmørsalpane'Wikipedia. Er nabo-kommune med Volda, og ligg nokre få mil sør for Ålesund.

Elles kan det nemnast at vi er godt gifte og begynner å få erfaring med å ha passert 40 år. Bur i ein litt for liten einebustad rett nord for Ørsta sentrum, og trivast best når vi kan halde på med spikking, dreiing og andre kreative prosjekt på hobbyromet (snikkarbuda), eller når vi kan ta laus 'Rånå' (go-bilen) og sette kursen mot fint veir rundt i landet.
Ut over dette er det vel på sin plass å nemne Arnfinn si 40-års krise som er veirstasjonen. Denne vart montert opp sein-hausten 2008 og har logga veirforholda i sentrum, Ørsta Kommune, sidan då.



Arnfinn

Arnfinn:

Med håplaus lidenskap for skikkelig kaffe og hyppige pauser tilrettelagt for fundering, fintenking og andre mindre produktive aktiviteter...
Men likevel likevel fornøgd med seg sjølv når spikkinga og pussinga har gitt ønska resultat.

Bildet til venstre er frå då vi spikka traktorseng. Stor suksess i følgje han som fekk senga!

Arnfinn

Anita:

Med et stort ønske om å tilbringe masssse tid saman med eit skikkelig finurlig emne fastspent i dreiebenken.
Har likevel lett for å måtte innta funksjoner som alternativ til verktøy me ikkje har...
Tåler å bli skitten og er ikkje redd for å ta i et tak...

Bildet til venstre er frå fresing av ein front til ei hylle!



Uten ansvar for innhald fra eksterne kilder og innhald i eksterne linker. Og du! Husk at du aldri må ta viktige beslutninger basert på informasjon fra internett!
Copyright © 2008-2011 Arnfinn Andersen