Selges
På denne sida prøver me å legge ut bilder av ting me har spikka for mykje av...
|
|
Sleden: Denne sleden spikka me første gang hausten 2007. Den skulle i utgangspunktet verte en samlingsplass for nokre av alle nissane i huset. Men den viste seg snart å verte nytting gjennom heile året, då han stadig skifta "funksjon". Vi bruker den no som fruktfat, utgangspunkt for blomsterdekorasjoner og skål for godterier. Viss eg ikkje tar feil så tenker eg at nissefar snart vil sitte oppi - med nøtter til langt opp etter magen... Sleden er ca 50cm lang, knapt 24 cm breid og ca 25 cm høg. Prisen på denne er 400,- ubehandla, og so må me ha 100,- ekstra for evt. beising/lakking pr slede. PS. Vi har no lagt opp til å lage 4-5 nye. 2 av dei er reserverte til en hyggelig kar opp i nord... Så viss du er interessert må du gjerne gi oss et hint om det!
|
|
|
Kjelker: Desse kjelkane spikka me første gang hausten 2008. Det er ein slik kjelke nissen "Jakop" sit på på startsida vår. Kjelken var først tenkt som eit alternativ som husnissane skulle sitte på, eller som dei kanskje ville bruke til sine nattlege aketurer (mistenker dei for å drive med slike aktiviteter...) Kjelkane er beisa med kirsebærbeis og er i tillegg lakkerte. Vi har ikkje fleire akkurat no, men håper vi får spikka nokre før sommaren. Prisen på kjelken er 350,- (Beisa i kirsebærtone og lakkert) |